CV

Hei!

Eg heiter Oddbjørg Vestrheim og kjem frå Ulvik i Hardanger. Eg har alltid likt å måla og teikna. Gjennom hobbyen min har eg blitt kjent med andre med felles interesser, og har etter kvart også hatt ein del sal gjennom utstillingar.

Annankvar måndag tek eg turen til Kinsarvik i Ullensvang der eg har ei triveleg stund saman med Måndagsmålarane. Eg er også medlem i Kunstvandring Voss som held til i Uttrågata 19. Me er ei samanslutning av kunstnarar og kunsthandverkarar i regionen og har mange vekslande utstillingar her gjennom året. I Ulvik er eg så heldig å få stilla ut på Ulvikatorget som held til i gamle Handelslaget. Her har eg fast utstillingsplass heile året.

Kos deg med å "gå rundt" i galleriet mitt- god fornøyelse!

 

Bakgrunnen min:

Kunstfagleg utdanning:

Kunstskolen i Bergen 2001-2002

Fjordane folkehøgskule 2000-2001, teikning, måling og keramikk

Friundervisningen i Bergen, Portrettegning (2000)

Friundervisningen i Bergen, Frihåndstegning 1 (1999)

Utstillingar:

Galleri Ulvik (2012-2014)

Jolemesse i Ungdomshallen på Voss (2011 og 2012)

Torgdag i Ulvik (2011 og 2012)

Måndagsmålarane si årlege sommarutstilling på Hotel Ullensvang (2008-no)

Utstilling på Betel, «Ulik, men unik» (2011)

«50 meter kunst» i Ulvik (2010)

Jolemarknad på Lofthus

Jolemarknad på Nå

Påskemarknad på Lofthus

Ulvik spontantorg (2008)

Jolemessa i Ulvik (2001-no)

Husflidsnovæ (2001-2007)

Medlemskap:

Måndagsmålarane

Kunstvandring Voss

Ulvikatorget

Kjøpt inn/oppdrag av:

Brakanes skule, Statens kartverk Ullensvang og Ulvik bygdekvinnelag.