Månadens bilete og dikt september

Diktaren

Han sa

det vesentlege

med få ord.

Jordnært

men samtidig

ute i det store

bøkene og breva og dagbøkene og frukttrea

alt var han

og er han

dei lever vidare.

Månadens bilete og dikt august

Solid soge

Gammal gard

med stokkar i heiltre og buktande bjelkar i blå himmel

Stødige murar med tause furer og kalk

Graset er ungt i soga og dørene stør seg på skeive karmar

Glas og stål og tre snakkar saman med det gamle

i ein forunderleg passande disharmoni

Det er stilt og samstundes mange som snakkar

Den gamle garden står nok ei tid til

Månadens bilete og dikt juli

Sommarminne

Sprøsteikt småaure

i smør

og blåbær

med mjølk og sukker

på.

Eit merke

etter kleggen som beit.

Ein raud stein

i handa.

Glatt.

Månadens bilete og dikt juni

"Sommernatt ved fjorden"

Ljose jonsoknetter

når ein går rundt bygda

og gløymer

å leggja seg

så vidt eit tussmørke

før sola er tilbake

Månadens bilete og dikt mai

Ute på rangel

Saftgrøn skog

ljos kveld og

lang veg heim

alltid imellom, ikkje landa

Lucy in the sky with diamonds

ljos kveld, ljosare natt

imellom, i byrjinga

nett no

lang veg heim

Månadens bilete og dikt april

Gågal?

Asfalt og grus og

stiar

gamle skogsvegar

med fuktig mose på

steg for steg går du

på metervis, kilometervis

og til slutt i mange mil

dag etter veke etter år

Kvifor? spør dei

Er du gågal?

Eller skal du nå eit mål?

Eit mål? Nei.

Viss ikkje stega, alle desse stega

er eit mål i seg sjølv

Det er mykje god kvile

i å gå

Månadens bilete og dikt mars

Hald fast.

Påskeliljer og krokus

og snøklokker

kjem fram

Dei har ikkje fått med seg

at livet er sett på vent.

Nei, livet går alltid vidare

som ein motor

som ikkje går tom

Årstidene skiftar

og dagane blir lengre og ljosare

Det er noko å halda fast i, det

så me ikkje fell.

Månadens bilete og dikt februar

Ligg i ro.

Kristinuten,

Midtfjell og Onen

Vassfjøro

og Skårafjellet

Kryp eg innover

og bakom med auga

er eg i Ljoneskrulen

dei er

alltid der.

Månadens bilete og dikt januar

Førebuingar.

Ei stille stund

før frukost

med kaffi på eit lite bord

ein fugl flyg forbi vindauget

planane

vert lagt no

Månadens bilete og dikt DESEMBER

Fyrste snøen.

Stille, lette snøflak

fell jamnt mot bakken

men himmelen bak

er blå med

godvérsskyer og sol

Det er som om

nokon opna handa og

sleppte ut snø-konfetti

akkurat her

før det stoppa

like brått som det kom.

Månadens bilete og dikt NOVEMBER

Styvingstreet.

Styvingstreet

har tolt skjering

Greinene har vorte tjukkare

på kappstaden

og nye, friske veks ut att

kvar gong

om du skjer passeleg

nett nok

og ikkje for mykje.

Stamma står støtt

på gamle røter

Nokre av dei nye greinene

kan fara i ein vind-

men treet

lever vidare

 

Månadens bilete og dikt OKTOBER

Tidleg oppe.

tidleg morgon, før

sentrum har vakna

toget står nede på stasjonen

og pesar

kastar lange skuggar

i den låge morgonsola

det er kaldt, men

det kjem til å bli ein fin dag

ingen bilar på vegen enno

kanskje folk sit heime

ved frukostbordet

det er fint å ha eit forsprang

på verda

 

Månadens bilete og dikt SEPTEMBER

Vare vener

Det stig vassdamp frå bakkane i septemberkvelden

som om jorda kokar

Lufta vert disig og uklår

Underlege dyr dukkar opp i himmelsynde

Brått høyrer du ein lyd, eit gufs

stryk deg over nakken med mjuke nevar

Og så var det berre vinden

-eller?

Månadens bilete og dikt AUGUST

Myrull.

Myrull blømer i juni

som snø om sommaren

på toppmyrar i sol og regn

strøydd utover

som lodne prikkar

i den grå, stri myra

som nett har vakna til liv

etter snøteppet.

Plukk dei i handa

og drøym deg litt vekk.

 

Månadens bilete og dikt JULI

Galskap.

Det susar i trea

Det er den vinden han sa

ho kom til å verta litt galen av,

fordi alle blir litt galne

av den vinden

-Ho lurte på kva han meinte med det?

-Vent og sjå, sa han.

Det er noko som

ligg i lufta.

 

Månadens bilete og dikt JUNI

Avbrekk.

Lukten av

solvarme barnåler

står brått i nasen

Det er ein doven aroma

Mjølkebilen dundrar forbi

Ei oransje sveve

rører seg såvidt i brisen

Sterk fargeklatt i det grøne

Ein båt med påhengsmotor

køyrer sakte forbi på vatnet

-det er ikkje

mange av dei.

Månadens bilete og dikt MAI

Innsida ut

Det vesle

blir stort

når verda utanfor

er på vranga

Den ferske diktsamlinga mi er til sals på Handelslaget i Ulvik, Norli Vossevangen og direkte frå meg.

Månadens bilete og dikt APRIL

Stølen

Den gamle nøkkelen står i døra

Du finn han

oppunder takskjegget

Då kan folk

låsa seg inn

om dei kjem ut

for dårleg vér

Månadens bilete og dikt MARS

Mot målet

ein fot føre den andre

kjem ein no fram

tungt i motbakkane

ikkje stopp

det er tyngre å koma i gang att

du greidde det!

denne gongen og -

men

så fort det gjekk ned att?

var vegen kjend.

 

 

Månadens bilete og dikt FEBRUAR

Sjå etter!

Om du bøyer deg ned

og ser betre etter

kan du sjå venleiken

i dei minste blomane

dei blomane

som står litt bortgøymt

attom lyngen og steinane

som nikkar i vinden

og bøyer seg

litt for regndropane

som kom

før i dag

dei små blomane

dei

skal du sjå etter.

Månadens bilete og dikt JANUAR

Murstein

vakre mursteinar

stein på stein

nokre er dekka av lav

gamle

dei ligg der så fint

oppå kvarandre

i levande mønster

bylgjande

og stør kvarandre

lag på lag

lenar seg

på kvarandre

det ljosegrøne lavet fortel

om stabilitet

No er galleriet mitt på Kulturverkstaden Magasinet ferdig innreidd! Velkomen innom etter avtale, eg har ikkje faste opningstider.